Tema - Einsemd
- Lise Chen
- Feb 6, 2017
- 2 min read
Eg blir nesten deprimert av å lese boka. Heile boka handlar jo nesten om einsemd og kor trist livet er! Eg har notert meg sidane 20 til 24, 58, 66, 77 og 98, men imellom desse sidane er det nok mykje om einsemd også, som eg berre ikkje har notert ned fordi det blir for mykje av det samme.
"Ho pleier å seie at livet går så fort. Ein vaknar opp ein dag og ser hendene til ei gammal dame ligge over dyna i staden for sine eigne hender" (s. 20)
"Eg prøver å sjå om eg ser ei anna jente som nettopp har tatt farvel med sin beste venn, men det er berre mange menneske som ser rett ned, som går inn og ut av tog, opp og ned rulletrappene. Eg hatar denne stasjonen...to prikkar på kartet, som forsvinn i kvar sin retning" (s. 76)
"Eg er redd for dei minutta, dei ti-femten-tjue minutta der det blir stille, der det berre er meg igjen. Eg er redd for å bli liggande og tenke, i ein spiral som snurrar nedover. Solène har alltid ein fest, alltid ein venn..." (s. 81)
Det første sitatet er vel strengt talt ikkje om einsemd, men handlar om at tida går så fort. Livet er kort, men eg synest sitatet fremstiller livet på ein så sørgeleg måte. "Ein vaknar opp ein dag", bare sånn plutseleg og så kjem eit skrekkscenario: "ser hendene til ei gammal dame ligge over dyna i staden for sine eigne hender". PANG! Du er gammel. Ein kan vel se på dette sitatet på fleire måter, det treng sikkert ikkje å være eit trist sitat. Men eg vil tru at dei fleste tenkjer litt sånn som meg, å bli gammel, det er trist.
Det andre sitatet er vel eit klassisk eksempel på einsemd; din bestevenn har nettopp forlatt deg. Ein ting eg i tillegg vil påpeke er at forfattaren har latt være å seie noko om korleis hovudpersonen føler seg, men overlater det til lesaren. Eg velger i kvart fall å tru at ho kjenner seg litt nedfor: "Eg hatar denne stasjonen". Ho er vel sint? Noko anna som også endrer sitatet drastisk er "mange menneske som ser rett ned". Ho er aleine, alle andre legg sikkert ikkje ein gong merke til ho, dei ser ho ikkje ein gong. To einslege prikker er det einaste som betyr noko. Og dei forsvinn i kvar sin retning. Man er aleine hvis man er ein?
Det tredje sitatet er det siste sitatet eg har funne så langt i boka, som eg har notert ned. "der det blir stille, der det berre er meg igjen". Ho er redd for dei minutta der ho er aleine, altså er ho kanskje redd for å være aleine? Temaet om einsemd er vel kanskje ganske framtredande her.
Altså er einsemd og trisheit eit av dei store temaene i boka, overalt i boka er det spredt sitat om kor sørgeleg livet er. Eg er ikkje på langt nær til å ha nemnt alle dei stadane der hovudpersonen skildrar verda som ein trist stad. Kanskje ho har rett?
Kommentare