Parissyndromet - Kven er hovudpersonen?
- Lieser
- Jan 23, 2017
- 1 min read
"Eg er som Dorothy på veg til Oz, klarar ikkje førestille meg kva eg har i vente, kva eg hadde tenkt".
"Parissyndromet" handlar om ei norsk jente som drar til Paris. Ho pakkar ned alle eigendelane hennar og drar av stad til Paris heilt aleine. Ho fikk spørsmål om ho hadde tenkt å leve ut klisjéen om å finne seg sjølv i Paris: "Og kanskje eg skal det kanskje eg endar opp med å finne meg sjølv i eit skap, under ei seng eller i baksetet på ein bil, men mest av alt vil eg reise til helvete langt unna han" (tenkjer ho). Kjærleikssorg.
Ho bur saman med "Anna", ei teaterstudent og i fritida får eg inntrykk av at ho berre er barnevakt, jobbar litt, samstundes som ho går litt på kafé og vandrar litt i gatene. Alt er skildra igjennom hennar augne, og ho verkar litt einsam, faktisk veldig einsam. Når ho tenkjer tilbake til livet i Oslo skildrar ho det slik: "Alt går bra på den andre sida, uansett om eg ligg i eit flyvrak i Andesfjella eller i ei seng i Paris." Dessutan kan hun ikkje språket så veldig godt: "Når eg prøver å snakke blir eg berre flau, alle orda er så framande". Eg, og alle andre som har opplevd å ikkje kunne kommunisere med andre folk pga. vi ikkje meistrar språket veit kor deprimerande det er.
Comments